Bruksgrenda ved Ålvundfjorden, ikkje rart me kosa oss her:)

Oioioi brått var ferien her i år også, den me har venta og gledd oss til i lange tider:) Jammen var det godt å være saman alle 4 heile dagen i 4 veker gitt!! Me reiste avgåre så snart Thomas fekk ferie fredag 28 juli. Ferda jekk rett til Meisingset på Mørekysten der far til Thomas har hytte. I bilen runga det ride ride ranke si meg hvor skal ferden gå, bestefar besøk skal få ride ride ranke!! Thea Marie vart stelt og kledd i pysjen før me satt oss i bilen og sovna med det same, vakna kunn når me skulle stoppe for mat til oss vaksne og strekke på ryggen hennar. Då me kom fram berre lo ho heilt til me la ho i reisesenga på Meisingset der ho sovna momentant. Fantastisk lita jente me har!!
Då me vakna første ordentlege ferie dag var det mange som venta på å helse på den litle skatten vår. Tante Hanne er vel kanskje den som hadde venta mest på at Thea Marie og Karo skulle komme. At ho var på Meisingset då me var det gjorde ferien på Mørekysten enda meir verdt. Ho passa barn og hund, laga fantastisk mat, rydda og stelde godt med ferie gjestene frå Oslo! Takk Hanne, me hadde eit fantastisk opphald!! Elles kosa me oss saman med Bestemor/Grete, Farfar/Svein og onkel Kenneth. I tillegg var vêret upåklageleg med strålande sol og rundt 30 grader i 10 dagar:) MMmmm.... Me bada, snorkla, fiska, åt, jekk tur, leste, sola oss og kosa oss med skitspelet, også kalla 5 kamp, om kvelden!! I år klarte eg faktisk å vinne også, tru det eller ei....

Tante Hanne og Thea Marie kosar seg med sommar og sol... i skyggen:)

Eit lite stykke frå hytta ligg ein barnehage der me tjuvlånte reilene. Thea Marie måtte jo få sin første reiletur aleine!! Det var stas ja:)

Kveldsbad på verandaen i eigen båt. Jammen var dette kjekt!!

Innerdalen er absolutt verdt ein tur, litt bratt med vogn, men mor fiksar den biffen. Utruleg flott tur i fantastisk natur.

Jentene i Innerdalen med Innerdalstårnet i bakgrunn. No er me svolte og klar for vaffel!!

Gode og mette... no må me me utforske litt! Hihi der er jo tippehøne jo!! Thea Marie fekk sjå mange kjekke dyr på turen. Geitene og hønene var det som fasinerte mest:)

Ja, her er beviset... nokon har fiska og nokon fekk fangst...
Opphaldet har vore strålande. Etter 10 dagar jekk ferda vidare til Trondheim og Thea Marie sine oldeforeldre på Thomas si side. Skulle gjerne vore lenger, men det nærma seg tid for å komme oss til trøndelag og nærme oss Røros der me skulle i bryllaup.
Trondheim
Åååå kan tru det var godt å komme heim til oldemor og oldefar!! Det var første gong Thea Marie var der, og ho storkosa seg. Ho er så glad i oldeforeldrene sine og jammen verka det som ho kjende dei i gjen sidan ho traff dei i slutten av april. Ikkje rart ho trives i deiras selskap så flinke som dei er med ho! Begge bærer, leikar, tullar og snakkar med ho. Oldemor fann fram mange spennande leiker og kan tru det var kjekt!! Eg og Thomas hadde brått allverdens med tid, Thea Marie hadde nok med vertskapet sitt. Så me satt oss ned og nøyt godt selskap og fantastisk mat. Karo levde også herrens glade dagar. Fin frokost kvar dag er ikkje kvardagskost.
Thea Marie sin første ferje og båttur:) Her er me på veg frå Røkkhjem til Kvanne, på tur til Trondheim.
Hihihi endeleg framme hos deg oldemor!!
Meinar du at eg skal få leike med denne fine jenta!! Første gang Thea Marie leikar med dokke:) Ho var så forsiktige, ei ordentleg dokkemor!
Jammen like dei 2 der!
Farmor fann fram kleklypene sine, beste leiketøy ever!!
Har festa naso mi eg:) No mister eg ikkje den så lett.
Me kosa oss i Trondheim frå laurdag ettermiddag 02.08 til søndag kveld 03.08, det var eit kort, men fantastisk opphald! Me gler oss til neste gang:) Søndag kveld stelte me Thea Marie og satt oss i bilen for å køyre til Røros der me skulle i bryllaup til Therese og Terje fredag 08.08.08.
Røros
Nei, dette er på fjellet ikkje ved sjøen...
Søndag kveld ankom me Røros og jammen fekk me sjokk, her var det iskaldt!! Thomas og karo synes nok det var godt etter varmen på Meisingset og i Trondheim. Eg og Thea Marie kledde oss godt og kosa oss tross kuldesjokket! Me hadde jo håpa på same vêr som me hadde for 2 år sidan då eg og Thomas gifta oss, men det uteblei. Så lenge det ikkje regnar kan ein jo ikkje klage. Finnes ikkje dårleg vêr, berre dårlege klær;) På hytta til farmor/Berit og besten/Sigbjørn var det fullt av bryllaupsforeberedande gjester, me var innom å helste på før me satte naso tvers over Aursunden til hytta me skulle låne denne veka. Me kan vel trygt seie at den var grei nok. Thomas trødde til å vaska, lufta, støvsugde og gjorde det nokon lunde levelig for pripne gjester.
Allereie måndag fekk me gjester på hytta. Nancy, Asmund og Terje tok turen innom på veg heim frå ferie i Alvdal. Utruleg kjekt å treffe dei att!! Terje var blitt ein stor gutt sidan sist. Han og Thea Marie fann fort tonen. Thea Marie synes han kunne mange triks og ålte seg etter han kvar han jekk. Terje snudde seg titt og ofte og sa kom baby, kom!! hehe
Terje og Thea Marie kosar seg på teppet. Terje passar på at Thea Marie har alt ho treng og det er tydlegvis ein smokk;)
Elles nytta me tida til å kose oss saman, gå turar, båttur, fiske og kose oss. Inni mellom var Thomas med og hjalp til å stelle i stand bryllaup. Eg og Thea Marie kosa oss i fjellufta medan dei andre jobba... ikkje dumt det:) Tysdag feira me bryllaupsdagen vår, tenk at det allereie er 2 år sidan me sto framme i store røros kyrje og sa JA! Dagen var fantastisk. Thomas diska opp med bruschetta til forret og reker til hovudrett. I og med at me måtte lufte ganske heftig i hytta kosa me oss heile kvelden framom PEISEN!! Passa midt i blinken for meg.
Onsdag ankom Heidi, Jørn og Sindre hytta. Kjempe kjekt å sjå dei att også! Sindre hadde vokse veldig sidan me såg han sist! Me kosa oss saman på hytta med god mat, tur og utflukt til Røros i dagan før bryllaupet.
Fredag 08.08.08 braka det laus med bryllaup og fest! Vielsen var flott og begge sa ja:) Vêret vart også bra med litt sol i kulden. I følge meldingane skulle det regne:) Maten smaka fortreffeleg og bryllaupsfeiringa var storarta!
Johannes føl brud og brudgom opp golvet i Glåmos kyrkje.
Fotografane skal ha sitt...
...men kven bryr seg om det?? Det vert gjerne litt snakking, og gjerne på ein gong, når disse samlast;)
Fin bunadsjente!! Silje er søskenbarnet til Johannes. Ho og broremann, Tarjei, er veldig glade i det litla søskenbarnet sitt:)
2 stolte besteforeldre har nett feira 1 års bryllaupsdag:) Ser ikkje ut til at 2 barnebarn er noko heft for disse ungdommane:)
Laurdag kosa me oss saman med gjester og familie, søndag vaska me ut hytta og pakka sekken for å reise vestover. Før avreise fekk me servert nydeleg middag på hytta til farmor og besten, stelte Thea Marie og satt oss i bilen for nok ei nattferd, men denne vart laaang!!
Geitung
Paradiset vest i havet

"Gamlahuset" det mamma vaks opp og me ferierte før hytta vart bygd i 1984. I ryggen på fotografen ligg hytta vår.

Hytta til mamma og pappa

Livet på brygga. Dei 2 gule høyrer til oss. Paul kosar seg på bølgjan blå:)
Natt til laurdag i bilen igjen. Thea Marie søv som vanleg godt i bilen. Regnet som var meldt på Glåmos til bryllaupet får me på turen vestover saman med tåke. Me bestemmer oss for å prøve å komme oss fram så fort som mogleg og velgjer å teste ut ein snarveg over Synnfjell mot Fagernes. Dårleg idè i tåke midt på natta! Me mista avkjøringa og havna på Lillehammer! I staden for å vinne tid mista me 1 time:( Motet for den lange køyreturen synk og me sjekker vêrmeldingane for Geitung som er ei lita øy vest i havet. Meldingane er nedslåande og morfar/pappa ringer å seier at det bles så mykje at han kanskje ikkje kan hente oss ut med båten når me kjem. Motet synk enda meir og me vel å snu mot Oslo i staden. Etter litt offing, syting og irritasjon snur me bilen att og satsar på at vinden skal løye såpass at me kan komme oss ut. Resten av turen går fort! Thea Marie søv som ein stein. heilt til me stoppar for å strekke på ryggen hennar og ete litt. I bilen sovna ho godt att og søv heilt til me er på Bømlo, Lykling, der pappa/morfar og onkel Paul står klar med båten! Kan tru me er glade for at me reiste den lange vegen. Det bles enda litt og bølgene er store, men sola skin og vinden løyer. Her starta vestlandsferien med sommar og sol, og slik fortsatte den:)
Endeleg framme og her var det jammen mange som venta oss!!

Åååå mormor, jammen var det godt å komme fram til deg på hytta!

Oldemor hadde jammen eit kjekt smykke!!

Hihihi er dette favoritt onkelen? Thea Marie strålar saman med onkel Paul
På Geitung ferierte me saman med mamma/mormor og pappa/morfar, onkel/Paul og Terese,onkel/John og tante/Solfrid, Simon, Anna, Kristina og oldemor/bestemor! Det var berre me, mormor, morfar og oldemor som var der heile tida. Fantastisk å feriere på øya mi, og ekstra bra i sommarvêr!! Thea Marie har kosa seg gløgg i hel og leika med søskenbarna sine og eit tvilling par, ungane til ei venninne av meg. Det har tydleg inspirert ho. I løpet av dagane på Geitung lærde ho seg å gå medan me holdt ho i hendene, gå sidelengs i sofaen, reise seg frå nesten kva som helst og ikkje minst sei mamma, pappa og titt-titt:) Frå før sa ho Kro og nam-nam:) Store framsteg på få dagar. Framtenne oppe titta også fram i dagens lys.
Geitung er himmelen for Karo. Han har komen og gått nesten som han ville i 10 dagar. Han har sprunge tulling i all byskas han kunne finne, jakta mink og bada. Fettet som så smått byrja å vise seg på ribbeina i løpet av ferien forsvann i ein fei og musklane kom fram i staden. Gogutten vår er i storform og storslag:) Supert å være på Geitung når det ikkje er sau der lenger!!

Klar for ny utfart
Så, kva har Thea Marie holdt på med elles...

Hihihi slik leikar eg saman med Berit og Torvald, tvillingane til mamma si venninne (Therese):)

Ikkje rart mamma og pappa hadde ein fin ferie når mormor stod opp med meg kvar morgon!! Men jammen var det kjekt!!

Herligt med søskenbarn som er så opptatt av meg!! Thea Marie vart oppvarta som ei prinsesse og stråla som ei sol:)

Her ruler eg!! Ups, gått litt langt dette?!?

Reile er den nye hotte leika!

Jammen spennande disse blomstergreiene, skulle gjerne smaka på ein...

Eg og Oldemor storkosa oss kvar dag! Jammen har eg ei kjekke Oldemor. Her viser eg ho reila mi:)

Lakser litt i sola, ein pust i bakken er ikkje så dumt.

Elles fekk eg stålkontroll på å reise meg medan me var på Geitung:) Dei store ungane GÅR jo aleine på 2...

...så då øver eg like greit på det i sofaen med pappa:)
Fisking er Thomas sin store lidenskap ved sjøen og ingen unntak på Geitung!

Paul egner liner før avreise til havs...

Vel heime... jau aktivitet på brygga så det vart nok fangst..

Pappa filiterer fangsten... men kva i alle dagar gjer storfirskaren Thomas???

...han meinar det er svert viktig å dokumetere:) Neste sommar vert det nok filiteringskus på han ja!
Om vintren er det ski for alle pænga, om sommaren drøymer me om feite renner, pudder til langt opp over øyrene og tar fram.... vannskina!!

John og Paul i sali harmoni til havs:)

Sola jekk ned i havet et sted, og det var desverre alt for denne sommaren! Me gler oss allereie til neste gang!!
2 kommentarer:
Hei, vi veit at hun som holder kameraet sjeldent blir med i bildene, men Marit . . . du må gi bort aparratet til Thomas av og til. Blir med du og!
heheh syntes eg hadde vore flinke eg no å tatt med mange bilete der eg er med!! Det er vel heller litt få der Thomas er med. Men han har farta som ein virvelvind denne ferien, var ikkje alltid så lett å fange han med linsa:) Betyr berre at han har kosa seg gløgg:)
Legg inn en kommentar