tirsdag 22. juli 2008

Besøk frå Trondheim:)

Den siste tida har me hatt mykje triveleg besøk. Fredag etter at John, Solfrid og ungane reiste på torsdag, kom Rita og Rune ein tur innom. Helga var me aleine, men tok ein tur på besøk til Kirsti, Kay-Arne og Magnus på Årnes. Mandag kome Berit, Sigbjørn og Grethe, tanta til Thomas, på besøk. Berit og Sigbjørn overnatta til tysdag og vart avløyst av Tom, onkel til Thomas og Henrik, søskenbarn av Thomas. Tom og Henrik reiser vidare på ferie på torsdag og sjølv reiser me på ferie på fredag! Det skal bli godt å få ferie, men jammen har det vore bra ferie stemning i Møllergata dei 2 siste vekene:) Me har stor kosa oss og hatt mykje fint sommar vêr.

Årnes
På Årnes var det veldig mykje kjekt å finne på kan du tru!! Tante Kirsti er Thea Marie sin gode ven. Dei kosa seg alltid mykje saman når dei treffes. Magnus som allereie er blitt 2,5 år hadde venta lenge på "bebien" og "vovven". I skapet hadde han gøymd ein pakka han hadde kjøpt til bebien også. Å når nokon får pakke, ja då er det "busdag"... berre å finne fra "konen"


Krona må på. Er det pakke så er det bursdag... sånn er det berre:)



Det var ikkje brannbil i pakken, men det gjer ingen ting så lenge Magnus har brannbil med heisekran:)

Me kosa oss med nydeleg middag og tur ned til Glomma. Magnus var veldig flink å sjekke kva som skjer når små steinar dett ned i elva. Spennande. Etter spaserturen var det tid for vaffler til store og små. Kven treng vel graut når ein har vaffel med syltetøy?!? Typisk når ein kosar seg er at tida går usturteleg fort, me gløymde både heimtur og leggetid. Men heim motte me. Magnus var ikkje heilt eing i det... han vart så lei seg når vovven skulle reise, vovven skulle jo bu der på verandaen hos "Masus" jo!! Magnus, vovven kjem attende på besøk ein anna dag han veit du:)


Magnus gjer karo mat. Tru kven som gler seg mest til å komme att!?!

Besøk av Rita og Rune

Lunsj på Mekka med Rita og Rune.



Rune var jammen kjekke! Han hadde så mange historiar å fortelje om fuglane og ein rar figur som heiter batman!!

Besøk av Berit, Sigbjørn og Grethe

Hihi eg ventar på besøk av mormor, bestefar og tante Grethe medan eg viser mamma at eg kan bære med meg puslespel matta mi sjølv:)

Tok ei stund før besøket kom, så pappa måtte bytte til reine klær og aktivisere litt i ventetida...




Tru kva det er som er så spennande...


Ahhh pappa har funne sitt eige barne TV, Streken:)

Endeleg kom besøket... Thea Marie og Grethe storkoste seg frå første stund. Var nesten som om det var 2 farmorer som kom på besøk! Jammen hadde dei ikkje med gåver til Thea Marie også! Stor stas i heimen:)


Thea Marie og tante Grethe kosar seg. Dette smykket her var jammen fint!


Tante Grethe hadde med seg stor fin pakke


Jammen kjekt å opne opp pakke saman med deg tante Grethe!

Sjølvsakt hadde farmor med fin pakke til Thea Marie også, men no skal me fikse heilt sjølv...




Kan dette smake godt tru..


Argg eg veit du er der inne...


Vanskeleg dette her...


Hihi Hello Kitty veske og lommebok:) No skal eg pynte meg!

Besøk av Tom og Henrik

Dette var jammen ein stor tiger!!


Titt-titt. Henrik likte Store tiger veeeldig godt


Thea Marie hadde behov for ein kjapp dukkert etter eit "lite" bleie uhell





Inspirert av alt besøket har litlo "vokse" så pass at det er påtide å ete sjølv

Ingen kommentarer: