Den glade fotomodellen
Måndag var eg og Thea Marie på byvandring aleine. Me hadde alt mogleg vèr på ein gong, så det var ikkje noko leiking i parken som me hadde tenkt. I staden rusla me rundt i regn, vind, sol, varme og kulde medan Thea Marie sov. Då ho vakna hadde me strålande sol og me rusla ner på brygga for å kikka på seilebåtane! Det er alltid stas! Medan me sit på ein benk og kosar oss oppdager me brått at det ikkje berre er eg som tar bilete av den smilande jenta vår. Bak oss står ein flokk med kamera i alle fasongar og knipsar det eine smilet etter det andre:) Heheh ja, ja.. kva skal me sei anna enn å le litt?!?

Fotomodellen på Aker Brygge
Besøk frå afrikanaren
Onsdag formiddag fekk me besøk av Kathrine, søskenbarnet mitt, som nett er komen heim etter 1 år i Malawi. Utruleg kjekt å treffe ho att! Vanskeleg å fatte alt ho har opplevt i Malawi og fasinerande å høyre korleis dei har hatt det i løpet av året som har gått. Tilsynelatande er ho som alle andre Oslo borgarar, men det viser seg syneleg teiken på at Kathrine verkeleg har levd utanfor sivilisasjonen slik me kjenner den. Ho har tydleg ikkje gløymd verken korleis eit visa kort fungerer eller koden etter alle desse månadane utan slike tekniske dippeduttar, ein anna ting er å ta med seg betalingsmiddelet etter at varene er betalt:) Ikkje reagerer ho når ekspeditøren ropat etter ho at kortet framleis står i kortlesaren heller! Ja, ja det kjem nok snart attende Kathrine:) Velkommen heim!! Thea Marie likte Kathrine frå første øyeblikk og me kosa oss med lunsj på Akerbrygge. Litlo brukte litt tid på å bestemme seg for kva godsaker ho skulle bestille seg på Fridays:)

Kathrine og Thea Marie vurderer menyen, vanskeleg dette Thea Marie
4 kommentarer:
Savner dere! <3
Hei, hei venne!! Me saknar dåke også!! Skal bli veldig kjekt å få dpke heim i ferien i det miste! Når er det i gjen?
Vi kommer til Norge 23. julI! Er dere i byen da?
Hei Tone. Ja vi er hjemme den 23, men stikker den 25 på ferie :)
Legg inn en kommentar