søndag 6. juli 2008

Helg igjen:)

Snart helg sa du, best å gjer alt i stand!!
Ingen helg utan helgevask, Thea Marie er godt opplært!


Thea Marie støvsuger teppet, best å gjer det før ein et flossene;)

Familien tjuvstarta litt på helga på torsdag med teppeleik nede ved Akerselva. Pappa og Karo møtte meg og Thea Marie i god tid før sola jekk ned. Alltid stas å leike på teppet og kikke på Karo som badar i elva og jaktar på ender! Snart er det helg og me kan vera saman heile dagen:)


Jammen er det mykje spennande her nede ved elva! Fuglane som tippar rund teppekanten og leitar etter mat er veldig løgne. Då ler Thea Marie høgt og ropar etter dei når dei vert skremd og hoppar vidare.

Fredag og badenymfa strålar som vanleg:)
Fredag var endeleg Hedda Sofie og Terese komen heim frå ferien sin!! Tenk, ei heil veke utan dei, det er sjeldan kost! Kanskje godt med ei oppvarming til ferien som for deiras del startar til helga. Det betyr 6 veker utan å leike med Hedda Sofie og Terese! Oioi tru korleis det skal gå?? Om 3 veker startar me ferie, det skal bli kjekt!! Me har fått ein fin forsmak på ferie i helga med bading og soling. Fredag tok me turen til Katten saman med Hedda Sofie og Terese. Det var ein glimrande dag og me fekk testa ut solteltet til Thea Marie som øvrig fungerer heilt supert!!


Utflukt til Katten med soltelt og teppe frå morfar.

På Katten er det supert å ta turen med ungar med seg. Bakken er stor og flat med fleire trer som lagar skugge dersom ein ikkje har med telt til dei små. Det går buss som stoppar rett ved stranda og den er faktisk ikkje er overfyllt av barnevogner (så ein kjem faktisk med bussen når den kjem). Stranda er heller ikkje overbefolka, noko eg set stor pris på!! Sandstranda er langgrunn og vattnet vert fort varmt nok for små barnekroppar. Badenymfa vår er sjølvsakt med på ein dukkert saman med pappa som kom ut til oss rett etter jobb:)


Stor stas å få bade saman med pappa:)


Godt med litt vatten i teltet etter eit salt bad.

Etter ein lang dag ved sjøen var det godt med litt Marie kjeks og vatten på Peoples før turen jekk heim i badestampen og rett i seng:)


Ei trøyt badenymfe på kafè. Her er ho på tur til å vise kor stor ho er. Det er det nye trikset hennar og det brukar ho rett som det er!!

Laurdag og fint vêr.. kvar skal turen gå??
Laurdag og like fint vèr som fredag:) Over 30 grader og strålande sol!! Jeeiii me måtte jo berre finne ei strand og nokre kjekke vener å lokke med på ny utflukt!! Heidi, Sindre og Mira, Terese, Markus og Hedda Sofie tende på idèen å ta turen til Fornebulandet:) Teltet var allereie pakka i vogna, så me skunda oss å ta med nok mat og drikke til store, små og firbeinte. Då me kom fram såg det ut som om turen kanskje vart ein bomtur... på himmelen trua mørke skyer og rundt oss såg me regnet som skylla over Hovedøya. Pjuhhh me jekk klar regnet og sola jaga vekk skyene over oss:) Sindre sov godt i vogna si medan småjentene leika seg på teppet og kikka på Mira. Jammen rart med ein sånn liten vovve!!


Hihihi ein liten vovvetass, den skulle eg hatt tak i gitt!!


Får eg ikkje smaka Markus, enda så fin eg gjer meg?!? Det ligna veeeldig på den gode sjeva med leverpostei eg fekk til lunsj i dag....hmm...


Ja, ja, får heller lese litt..


Vil du også høyre på?


Brum, brum seier bjørnen


Det var ein spegel her ein stad...


..om eg snur litt kanskje..

Då klokka passerte 16.00 fekk me det brått travelt med å pakke saman leiren, dei skyene me trudde me hadde jaga vekk gav seg ikkje utan kamp! Me pakka saman i ein fei og kom akkruatt inn i bilen i det dei første stooore regndråpane traff bakken. Vêret tar seg kraftig opp og frå leiligheten er me vitne til eit vanvittig regn og tordenvêr! Vestlandsregnet vert barnemat i forhold!! Verandaen fløymer over og det lyser av lyn over hovudet på oss. Eit av dei fanga Thomas med linsa


Jammen snur vêret fort i byn også!!

Telt reisesenga vart testa ut:)
Til kvelds vart me invitert heim til Olstad/Bjerke på ein fantastisk lasagne alà Markus. Thea Marie fekk graut og stell heime og sovna i vogna på tur bort. Som bagasje tok me med telt reisesenga som Thea Marie fekk til dåpen av Jørn, Heidi og Mira. Me var veldig spent på korleis ho ville reagere på den! Då me sa godnatt og lukka at glidlåsen, kikka ho forundra opp på oss. "Tru kva du tenker om dette Thea Marie??" Etter at døra vart lukka til soverommet tok det ikkje lang tid før me høyrde romstering frå soverommet... Ja, ja tenkte eg, er kanskje litt for mykje å forlange at ho skal falle til ro i eit telt på eit framand rom. Eg lista meg inn og vart møtt av eit strålande smil! Thea Marie låg på magen og krøyp medan ho sjekka ut korleis den glidlåsen eigentleg fungerte. heheh.. måtte berre le litt før eg snudde ho på rett kjøl og sa at det er natt no, og at ho måtte sove... og det gjorde ho!!! Senga fungerte supert! Litlo sov som ei prinsesse heilt til me skulle heim etter ein kjempe triveleg laurdagskveld! Er ikkje så ofte me kjem oss ut på kveldstid sidan me ikkje har besteforeldre i nærleiken som gjerne vil sitje barnevakt. Då er det greit å vite at det fungerer med ei utflukt på kveldstid med reiseseng i bagasjen:)


Telt reisesenga til Thea Marie (Deryan baby lux)

Jammen jekk helga fort gitt!
Så kom søndagen regnfull og tung... Triste greier, like greit å holde seg inne. Men kjekt har me hatt det. I løpet av helga har Thea Marie byrja å ete sjeve med leverpostei og ho er verkeleg ei tulle med øyner blå som kan stå og vise kor stor ho er:) Stadig nye kunster å oppspore:) No gler me oss til regnet gjer seg og sola skal kikke fram att!

Ingen kommentarer: