torsdag 17. juli 2008

Jeeii besøk!!

Hihihi me har hatt besøk frå Stord:) Det er alltid stas!! Før onkel John, tante Solfrid og søskenbarna mine frå Stord skulle komme ville mamma støvsuge:) Det betyr JAKT!!


Vent litt der har eg den snart!!


Ååå du går så fort mamma, eg skal ha tak i denne slangen jo!!!


Nei, oi sjå der!! Den fine der ligg heilt aleine. Den må eg sjekke ut...


Hææ skal du ha den mamma?? hmm..


Ja vell, men har noko i siktet her borte eg:)

Når golvet var fritt for kjekssmular... vann dråpar og litt grautrestar kunne gjestene berre komme! Fattar forresten ikkje vitsen med å fjerne alle gosakene frå golvet. Det er jo så mange små nette ting som er fine å sussle med mellom fingrane mine... men, men, ei jakt på støvsugarslangen er jo ikkje å forakte. Eg måtte vente ei stund før eg fekk helse på gjestene, dei kom ganske seint tysdag kveld, då var eg allereie i seng.


Kristina, Anna, tante Solfrid, onkel John og Simon. Godt med ein sofa etter ein lang tur over fjellet!

Onsdag køyrde me heilt ut til noko mamma kalla for Tusenfryd... skjønar ikkje så mykje av det, men det var i alle fall minst tusen folk der!! Vanvittig mykje å kikke på, å så var det så kjekt når Simon, Anna og Kristina snakka, leika, bar, mata, byttableie og trilla meg:) Dei er super kjekke altså!! Eg fekk ikkje ta karusellar, men det fekk mamma! Ho var super gira og eg fekk mykje tid saman med onkel John og tante Solfrid. Tusen takk:) Mamma hadde sjølvsagt gløymd kamera, men kanskje me kan få nokre bilete av tante Solfrid.

Torsdag skulle desverre gjestene allereie reise heim att... men først fekk eg leike med søskenbarna mine her heime før me tok turen til Vigelandsparken. I gjen gløymde mamma kamera... kva er dette for noko mamma??? Tante Solfrid, kan du hjelpe her?


Om eg les litt til Anna og Kristina, så kanskje dei vert med...


Heheh det funka, dei var jammen gode på lillle petter edderkopp!!


Nei, no vil eg heller sjekke om eg og mamma fekk vekk alle småtinga på golvet.. Her er det kanskje noko kjekt...


Hææ må me gå allerede no??

Det har vore nokre supre dagar med besøk. Gler oss allereie til neste gong, velkommen skal de vera!!

Ingen kommentarer: