fredag 22. oktober 2010

På skogstur i (litt) snø og strålande sol:)

I dag starta me helga tidleg og stakk til skogs i det fine vêret!

Thea Marie vakna heilt yr og i enda meir strålande hummør enn vanleg, ute var det nemleg kvitt!! Mamma snøen er endeleg komt, kvar er skina og stavane mine!!??? Denne fine dagen måtte me berre utnytte:)

I skogen vert alt magisk, berre sjå på sola under. Thea Marie lurte litt på om det var troll i denne skogen, kanskje ikkje rart når ein ser på kor trolsk det kan vera når sola skin mellom trærna. Me vart enige om ar trolla berre fantes i eventyra.

Trolsk skog, jammen var det fint å sjå vått spindelvev som bada i sol:) Me lurte litt på om edderkoppen som hadde laga vevet jekk på ski. Tenk det... 4 par ski!!!

No på seinhausten er det lite å sjå av blomster, bær og sopp som me har kikka på tidlegare i vår og sommar, men jammen er det mykje spennande i skogen likevell. I dag leita me etter spor. Me fann vel kanskje mest våre eigne spor i snøen, men jammen fann me nokre dyrespor også!!

Til stor glede fann me spor etter favoritt dyret, forutan Karo, nemleg HEST!! :)

Ein rast etter alle gåinga og alle inntrykka i skogen er viktig:) Med granbar under baken har me det nesten som mummitrollet om vinteren:)

Godt å kvile trøyte fotar og...

....få litt påfyll i magen:)

Nei, Mali er nok ikkje like trøyt i fotane som storesøster, men godt med ein matbit for meisfararen også!!!

På tur heim att, og på jakt etter hesten me hadde funne spor av, fann me noko anna spennande som me har kikka mykje på i sommar, nemleg tissemaurane sitt hus!!

Eg veit eg skrøyt litt over snøen, likevel harme ikkje klart å få den med på nokon av bileta!?! Tru meg meg, jenta var strålande fornøyd med dei få fjona som låg på bakken... og det var jammen far og mor i huset også!! Snart kan me ta fram skina:)

Tissemauren sitt hus, men kvar er dei små tissemaurane mamma!?! Jau, dei har gått inn for vinteren. Og jammen måtte me ta ein liten snik kikk inn også, sjølv om det eigentleg ikkje er lov. Håpa dei ikkje fekk alt for mykje strev med å late att "døra" etter oss!!

God start på helga! No ser me berre fram til resten, den er jo knapt starta enda:) Ha ei strålande helg!!!

Ingen kommentarer: