... etter 1,5 år er det kanskje på tide med ei lita oppdatering her?? Nei jenta under er ikkje Thea Marie. ho heiter Mali og er lille søster til Thea Marie:) Mali kom til verden dagen før Thea Marie sin 2 års dag. I god tid før Mali kom sulla me oss ut av byn og ut på landet, nærare bestemt Bærums Verk. Familen trives godt i dei landlige omgivelsane på Verket.
Mali 10 månader
Det er ikkje berre familien som veks... Thea Marie har også vokse og blitt ei veldig kjekk og flinke jente på snart 3 år!! Ho har mange interesser og dei fleste foregår ute:) Ho syklar som ein vind, står på ski om vinteren og elskar å gå på tur i skogen. Elles likar ho å sitte å pusle, perle og STRIKKE:) Jippi, ei strikke jente;)
Thea Marie 2,5 år
Det var ei lynkjapp oppdatering frå Riset gjengen... Satsar på at det ikkje vert like lenge mellom kvart innlegg;)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar