onsdag 20. mai 2009

Rolfstangen


Me valde å starte langhelga vår her på Rolfstangen. Thea Marie vart henta tidleg i barnehagen og var strålande fornøgd med at mamma, pappa og Karo kom å henta! :) Ho hyla av fryd, hoppa og dansa og skulle vise oss alt det kjekke ho gjer på i barnehagen!

På Roflstangen var det mykje kjekt å finne på kan du tru. Thea Marie har vassa i sjøen, plaska i dammar, fiska for første gong, plukka blomster til mamma og leika i sanden. Karo har også storkosa seg med andejakt. Utom stranda var det ei lita øy med fleire ender som freista veeeldig. Han la på svøm rett som det var, men vart ropa inn att før han nådde øya, triste greier...


Det er ei stund sidan Thea Marie var ved sjøen sist. Me har for det meste vore i skogen eller til fjells i det siste, så ho var ganske overraska då ho såg bølgjene slo og laga så fin lyd!


Disse bølgene må jo berre sjekkast ut... rart når vatnet skylje over støvlane!


Veldig kjekt å vasse og plaske i sjøvatten med bølgjer som kjem langt opp på stranda!


Bøtte og spade høyrer heime på strandtur! Veldig kjekt når sanda er litt fuktig, slik at den former seg:)


Karo speidar ut på endene som lokkar på den vesle øya utom Rolftangen. Så lenge han ikkje vert "lufta" av Thea Marie då...


Thea Marie "luftar" Karo...


Hihihi det er jo vatten over alt på denne stranda!! Himmel:)


Godt med litt eple i pappa sin armkrok etter all plaskinga, henda er jo vaska og reine:)



Thea Marie sin første blomsterbukett til mamma:) Kan tru mamma vart glad og rørt!!


Thea Marie får eit lynkurs i fiske. Det vart nok ikkje fisk til middag denne gongen, men ein kan jo ikkje verte meister på første forsøk!

Dette har vore ein flott ettermiddag, Skal berre lage ei kake til før me skal heim og ete mat! Takk for denne gong, gler oss til neste strandbesøk! Då skal me ta med grillmat for på Rolfstangen er det satt ut grill til besøkande:) (Skal også ta med kamera, biletkvaliteten på mobil bileta til Marit er avgrensa morro)

2 kommentarer:

annikenw sa...

åå så koselig dåkk har hatt det ser det ut som! thea marie har blitt stor! :) håpe dåkk har hatt ei fin sommer og snakkes forhåpentligvis om ikke så altfor lenge. klem fra anniken :)

Marit; sa...

Ja, me storkosar oss! Skulle berre vore flinkare til å lagt ut fleire bileter frå somaren vår:) Det kjem nok, men har liksom ikkje komen heilt i rute etter flyttinga:)