tirsdag 12. mai 2009

Grill tur til Øyungen 2. mai

Øyungen

Øyungen er eit fint vatten innerst i Maridalen. Me brukar ofte å gå hit frå Skar. Det er ein fin tur med passe lengde for Thea Marie. Denne gongen var me så heldige å være på grilltur saman med Fredrik, Linda og Acka. Vêrmeldingane var supre for dagen, men me kan vel ikkje skryte alt for mykje av det. Er glad me rakk inn i bilen før himmelen opna seg:) Men, det hindra verken pølse, bål eller kaffi på primus:)



Thea Marie storkosar seg ute, særleg i skogen. Er jo så mykje spennande å finne på!!


Ventar på at pølsene skal verte ferdig grilla...

Etter at to og firbeinte har ete er det vigtig at gakkgakken får ein liten matbit å kose seg med også. Karo har jakta på dei sidan me kom, så no fortener dei ein pust i bakken medan Karo og Acka badar ved demningen.


Mamma og Thea Marie studerer gakkgakkane når dei et

På tide å sløkkebålet og ta turen heimover att. Takk for denne gong, me kjem snart attende:)




Ingen kommentarer: