Dette har vore ei strålande 17. mai frå morgon til kveld. Me har hatt besøk av Berit og Sigbjørn, mor til Thomas og mannen hennar, heile helga og Thea Marie har storkosa seg saman med farmor og bestefar!
Thea Marie meinte at ein ikkje kan sove vekk 17. Mai, så ho starta dagen klokka 06.00 med flaggheis og hipp, hipp, hipp hurra! Fantastisk med flagg som ein kan vifte med:) Klokka 11 kom lunsj/middagsgjestene våre, Merethe, Magnus og Matilde, Therese, Terje og Johannes. Lunsjen bestod av Magnus sine fantastiske brød saman med Marit sine grove rundstykke, eggerøre, laks, ulike osteslag, skinke og spekemat og alt for mykje anna godt pålegg:)
Gode og mette traske me litt rundt i byn og kikka på folkelivet i det strålande sol vêret før me jekk heim og serverte sodd til middag. Desserten bestod av riskrem ala Marit og Merethe si fantastiske oro-kake:) Både ungar og vaksne har kosa seg med 17. Mai og alt som høyrer til!
Ikkje nok med at Johannes leiker med mine leiker, men han gjer det jo feil!?!
Best eg viser litt her... sånn er det Johannes!
Vert jammen trøyt av å feire 17. mai!! På tide å ta ein lur i vogna....
....som kan alle moglege leiker med og utan ball:) Alltid spennande med farmor!
Jammen fekk Thea Marie halde babyen, Matilde. Thea Marie er prega av stundens alvor:) Litt anna enn dokkebabyen dette ja!!
Johannes i farta, jammen godt å lufte dei små fine prinsefotane:)
3 små trøyte syskenborn etter ein lang og fin dag.
Trøyt eller ikkje... klar, ferdig, gå så er Thea Marie i farta og kappar med farmor:)
Takk for besøket og for at de ville vera med å dele 17. mai saman med oss i Møllergata!
1 kommentar:
Og takk for at vi ble invitert og fikk ferie dagen sammen med dere :) Det ble en kjempedag med masse god mat og godt selskap!!! En suksess som kan gjentas?! ;)
Therese
Legg inn en kommentar