torsdag 26. juni 2008

Bursdagsfeiring

I går var det mamma sin bursdag! Me feira heile dagen. Først fekk mamma ein laaang dysj på morgonden medan pappa og Thea Marie kosa seg før pappa måtte gå på jobb. Då det var tid for lunsj kom Terese og Hedda Sofie på besøk med bursdagskake!! Jeeii kva er vel betre enn gulrotkake og gode venner???

Små jentene leika seg på golvet medan dei litt større jentene kosa seg med kake og kaffi:) Ja, ja Thea Marie som er så glad i mat måtte jo ete litt bursdagsskorpe saman med mamma og Terese;)

Hmm du Thea Marie, kan eg få attende armen min?

Tja, du må vel det...

Betre no?

Skal berre ringe mormor å høyre om ho kjem på besøk snart...


Nam, nam denne bursdagskaka (skorpa) var jammen god:) Dette må du prøve Hedda Sofie!!

Etter at kaloriane var fortert bars ut på tur i vogna! Deiligt med sommar varme og sol!

Då pappa endeleg kom heim få jobb, hadde han med seg masse blomster og familien Riset fortsatte feiringa med middag på Elvebredden. Fantastisk mat! Er absolutt å anbefala å ta seg turen dit for ein betre middag. Dagen var strålande! Takk til alle som hugsa dagen min, det var ikkje reint få!! Mange koselege meldingar og telefonar:) Takk for ein strålande dag!!

Ingen kommentarer: