
Sjefen i huset er vesle jenta Thea Marie:) Solstråla kom til verden 11.11.07. Ja, ho kom på farsdagen! På morsdagen rulla ho rundt for første gang:) Veit å belønne foreldra sine denne jenta! Sjølvsagt er ho verdens beste jente. Alle ordentlege sjefar har ein nk. under seg, Karo:)
Stor sjarmøren er ein 5 år gamal engelsk setter. Han tenker å nytte dette bilete for å skaffe seg norsk pass:) Desse 2 stortrives i kvarandres selskap. Karo tar godt vare på Thea Marie og han voktar døra hennar kvar kveld/natt etter leggetid. Då gjennstår berre foreldra i huset...

Me, Marit og Thomas, traff kvarandre i 2001 og gifta oss på Røros 05.08.2006. Me nyttar det meste av fritida vår ute i det fri med ski på beina om vinteren og mykje anna kjekt elles om året. Etter at Thea Marie vart sjef er det jo litt mindre tid til slikt, men det betyr berre at livskvaliteten har auka betrakteleg sidan me får dele dagane våre med ei solstråle som utviklar seg for kvar dag som går! Etter kvart kjem det nok meir både av Thea Marie, Karo og oss her:)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar