
Heia, her er eg på leiketeppet heime hos mormor og morfar!
Kan tru eg har kosa meg i Sagvåg! Eg fekk vera med Simon, Anna og Kristina på skuleavslutning og sommarfest:) Det var kjempe stas. Dei sang mange fine songar og Anna og Kristina tok meg med til alle skule vennenne sine.

Her sit eg og kosar meg i fanget til Kristina.

Anna viser meg stolt fram til alle som er villig til å ta ein kikk på meg:)
Når eg er på Stord er det tradisjon at eg, mormor og mamma tar ein tur til "Vikjo".

Her er me på kafè og eg fekk smake vaffel med jordbærsyltetøy for første gong!! Kan tru det var godt!!
Dette er mormora mi:) Det er så godt å sitje på hennar fang!!

God og mett på mormor fang. Middag er det beste eg veit!!
Når kvelden kom var eg så trøyt etter leik og morro at eg nesten ikkje kunne vente på at mamma laga graut. Då er det jammen godt at morfar kan trøyste meg litt...

Klar for senga, manglar berre litt mat og tannpuss...
Forutan besøk frå onklar, tanter og syskenborn fekk eg besøk av mine tremenningar:) Eg kosa meg gløgg i hel når eg fekk leike med alle disse ungane:)

Her leikar eg med Christoffer, Julie og Alida
Eg og mamma var også ein tur å besøkte oldemor på Lykling, Bømlo! Oldemor hadde jammen mykje god mat!! Eg fekk f.eks. ete fersken heilt aleine:) Det var vanvittig kjekt!!

Nam, nam...

Her sit eg på oldemors fang.
Oldemor hadde også mange kjekke leiker eg fekk låne. Mamma sa det heiter klossar. Eg bryr meg ikkje så mykje om kva det heiter. Dei smaka godt, laga fin lyd når eg bænga dei i golvet og dei hadde fine fargar. Dug lenge for meg det!!

Klosseleik er stas:)
Prøvde meg med samme teknikk på mormor sine leiker...

Hmmm laga fin lyd dette også ja:)
Så var tida desverre komen for å gjer seg klar til å reise frå mormor og morfar for denne gong... eit siste bad må ein jo ha...

Sånn då vart eg rein og fin att. Gler meg til å komme attende til Sagvåg:)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar